For 7. år på rad har AFK vore i Danmark og trena hundar før prøvesesongen startar her heime.
Nytt i år var at treninga blei gjennomført i eit vellykka samarbeid med Rogaland Fuglehundklubb.
Også i år var vi 2 grupper med til samen 40 personar (29 hundeførarar og 11 «medhjelparar») og totalt 34 hundar. 1. gruppe var der frå laurdag 1. til måndag 3. august og gruppe 2 kom ned onsdag 5. og var der til fredag 7. august.
På begge gruppene bidrog Jan A. Telhaug og Arild Skeivik som instruktørar saman med arrangøren. Med 3 instruktørar fordelte vi hundane i 3 små grupper og la opp til individuell tilpassing, slik at alle fekk tilpassa opplegg etter alder og erfaring. Dette resulterte i mykje læring, både for hundar og hundeførarar.
Opphaldet der nede var i tillegg, og som vanlig prega av god mat og drikke og ein særdeles hyggeleg atmosfære. Vi var og heldige med veret, ikkje for varmt og passeleg med vind, noko som ga gunstige forhold.
Neste år har vi og tinga 2 treningssamlingar:
Pulje 1: søndag 1. til tysdag 3. august Pulje 2: torsdag 5. til laurdag 7. august
Arendal, 12. august.2026
Olav Homdal (Agder FK)
Arild Skeivik (Rogaland FK)

























































