Agder fuglehundklubb sitt dommerutval hadde samling for 3 dommarkandidatar første helga i mars.
Vi hadde fint vær, bra med fugl og ei flott helg.
Agder fuglehundklubb arrangerar mange jaktprøver kvart år. Klubben trenger då mange dommarar, og vi treng å utdanne nye dommarar. Den prosessen er i gang.
På Bjåen hadde vi samling i stova i det gule huset fredag kveld, og diskuterte diverse problemstillingar som kan oppstå i både UK/AK og VK. Laurdag var det ut å dømme vinnerklasse på 14 bikkjer. Føret var tungt nede og lett oppe. Føreforholda gjorde at det ikkje var lett og være dommarkandidat. Men med litt veiledning og tankeprosess blei dette meget bra. Søndag var det UK/AK bedømmelse. Føret hadde blitt bedre og det var lettare og dømme. Masse fugl i både flokkar og enkeltfugl gjorde at vi fikk mange situasjonar og tenke på.
Det blei omtrent kveld før vi kom ned til Bjåen, og eg trur alle var både slitne i kropp og hodet.
Takk for dei som stilte opp som hundeførarar og til dommarkandidatane Gunnar Wiik, Espen Kristiansen og Trond Fjermeros som stilte opp.
Mvh Samuel Larsen og Olav Schrøder.
'